torsdag 14. juni 2012

Me undrar..

Me undrar... er ei spalte der me kaster frem nokre filosofiske tankar i form av retoriske spørsmål. Dette er tankar, spørmål og undringar som ein kan ta med seg ut i kvardagen og undre på. Spalta er inspirert av den vandrande filosofen Pilt-Ola. I og med at Hør&Dør ynskjer å vere eit interaktivt magasin, set me stor pris på om du vil dele dine eigne filo-retoriske undringar i kommentarfeltet under. Men over til spalta.
Me undrar...
 Må ein vere på skråplanet for å ha eit skråblikk på verda..?
 Vert ein kaldblodshest med feber til ein varmblodshest...?
 Kan ein djup tanke gå over hovudet på folk...?
 Dersom eg ser med skråblikk på ein annan manns skråblikk; vil dei utligne kvarandre og bli eit horisontalblikk...?
 Eller vil det verte eit vertikalblikk...?
 Kva farge har borna åt Mette-Marit og Haakon på blodet...? (Mette har vel raudt blod, medan Haakon etter ryktet skal ha blå farge på sitt...)
 Kvifor kan ikkje eg le, når Geilo...?
 Kvifor lønner det seg å bestemme seg for å trene ei gong i veka, framfor kvar dag...? (Denne har me svar på: Då held det iallefall to veker...)
 Er det skeive tårnet i Pisa verdens beste plass for eit skråblikk...?
 Dersom ein kaldblods hingst parer seg med ei varmblods hoppe, vert føllet då lunkent...?
 Blir man skeiv av å havne på skråplanet...?
 Kva frakter denne lastebilen: «tanke transport»

lørdag 9. juni 2012

Sauebonde og moteekspert Ole A. analyserer antrekk..

Eurovisjon Song Contest Laurdag 26. Mai var me vitne til eit forrykansde show frå «the City of Culture», Baku. Det var Europeisk finale i Melodi Grand Prix, og 26 land deltok med spellemenn og – kvinner av ymse karakter. I ein slik anledning er det ikkje berre det audiovisuelle som varierer, men det reint visuelle (bekledninga) er og sterkt varierande. Vår moteekspert Ole Arnfinn har teke ein nærare kikk på nokre av desse plakka, (i mange tilfeller omtala som kjolar)
Hellas
Som me alle er klar over, er Hellas inne i ein krevjande økonomisk situasjon. Det resulterte mellom anna i at deira eigen MGP-finale vart arrangert på eit kjøpesenter, nesten uten musikk. Desse tronge økonomiske tidene ser me òg att i klesdrakta til landet. Det kan sjå ut som om skreddarane har fått beskjed om å berre bruke akkurat nok stoff til å dekke Eleftheria Eleftheriou sine vitale deler. Og dei stakar dansarane hennar har berre fått avkappet vak kjolen til å dekke seg til med... Med andre ord, ikkje noko imponerande antrekk, men god materialutnytting.
Danmark
Soluna Samay frå Danmark har heller ikkje brukt alle sparepengane sine på klede, men ho har valgt ein annan strategi enn Hellas; gjennbruk. Om kleda kjem frå loftet til bestefar, eller om det er loppemarkedet på Bjerkreim Bedehus som er kjelda til råvarene, er uvist. Men det er tydeleg at hennar tidlegare karriere som gatemusikant har lært ho verdien og potensialet i det brukte. Den sparsomme holdninga ser me er gjennomgåande. Kvifor leige inn dyre musikantar når dei rett frå gata kan gjere ein nokolunde like god jobb? Og for at denne minimalistiske stilen skal vere komplett, vel Soluna å ikkje farge håret på ny når det vert for mykje ettervekst. Ho skjuler det heller med ein hatt. Bra jobba!
Spania
Eg må innrømme at eg tykkjer litt synd på Pastora Soler frå Spania. Det kan virke som om denne finalen kom som julekvelden på kjerringa for ho. For her har det gått fort i svingane under påkledinga, og Pastolra har fått hovudet ut gjennom feil opning. Det hersker òg stor usemje i fagmiljøet om kjolen var ferdigsydd då finalen kom. For då dett plutseleg kom motvind på scenen, revna de neine saumen, og då kamera tok ein tur rundt frk. Soler openberre det seg ein heilt bar rygg. Men eit oppmerksomt auga kunne sjå at det hang noko stoff og dingla der bak som truleg var meint til å dekke dette området. Mitt råd til Pastora er altså; ta deg litt bedre tid neste gong, så du rekk å prøve kjolen FØR du skal på scenen.
Sverige
Så kjem me til vinnaren av den musikalske delen. Loreen frå Sverige. Ho strutter av sjølvtillit, og veit at ho har ei song som folk kan like, og ser dermed ingen behov for å spele på kropp. Ho har berre enkelt og greit troppa opp på døra til søskenbarnet sitt Ronja (frå filmen Ronja Røverdatter) og sputr som følger (Fritt omsett til norsk): «Hei, eg skal synge på ei tilstelling i utlandet ein stad, du har ikkje tilfeldigvis ein kjole eg kunne låne?». Bra jobba Loreen!
Russland
Så til min klare favoritt: Russland. Dette er damer som viet å kle seg. Dei henter inspirasjon frå den norske bunaden, kombienrt med samekofta og syr sin eigen russiske variant. Som me veit er Russland eit nykje fattigare land en Noreg, og tilgange på godt ullstoff med sterke fargar er ikkje fult så god. Men russiske forhold teke i betraktning, tykkjer eg at dette er MEGET bra. Og det er ikkje meir å seie enn: GRATULERA!