søndag 10. februar 2013

Ruggestein

Itte manjen veke mæ redaksjonell ferie, så tæge me opp tråen att. Me hæ nå manjen sage å ta tak i, som hæ kome inn på tipstelefonen.
Men dæ va spesielt eit tips som me i redaksjonen raskt beit okke merke i. Ruggesteinen. Kæ æ dæ, kor ligge de, og kæ gjær de? Æg hæ nå gått inn i "Tore på sporet" modus de siste vegene, og hæ funne dette fantastiske klippet:
http://www.youtube.com/watch?v=xHJL8aqqwBk
Dæ æ heilt utruleg!!
Hæ du ein ruggestein dær du bur?? Inkje nøl med å ta kontakt med Hør&Dør redaksjonen. Æg ska inkje sjå vekk ifrå at nettopp "din" ruggestein kan bli den nye Bjerkreimsattraksjonen.
Me må ta ruggesteinen på alvor, og gje ruggesteinen den respekten den fortene.
På bildet øve så ser du ein potensiell ruggesteinskandidat.

søndag 1. juli 2012

"Med syn på bonden og hans liv deriblandt"

Når me nå i Hør&Dør redaksjonen har valgt og satsa litt meir lokalt, så er det for å tilfredsstilla nettopp dei lokale og trufast lesarane. ”Med syn på bonden og hans liv deriblandt” har som mål å koma litt nærare inn på bonden sjølve. Det er ofte snakk om næringa, lønn, betingelsar osv, men trivst bonden i yrket sitt om du ser vekk frå desse parametra? I så tilfelle, kva er det som tilseier det?
Nogen grunnleggjande opplysningar må me alltid ha på bordet
Namn: Torbjørn Øygard
Årgang: 1991 ( i 20 årå, dæ æ inkje så hytt )
Bustad: Øygard i Bjerkreim. ( ei perla på denna jord )
Sivil status: Ugift, å hæ aldri vore dæ heller.
Utdanning: Møbelsnekker. Men græve seg djupare og djupare inn i studie fø å værta ein duganes bonde.. Æg hæ tru på dæ.
Fø å konna avdekkja bondens trivselsnivå så må me gå i gronnen på dettan.
1. Du Torbjørn, kæ ska t fø å verta ein duganes bonde?
Du må ha eit duale arbeidsmot,dæ trenge me inkje stikka langt onna stolen fø å bemerka. Å væra bevisste på at dette yrkjet inkje æ ein 7 t 3 jobb æ ein forutsetnad fø å driva på. I tillegg så kan ein inkje gå rundt å tru at kronene ska fydlast opp, dæ må ein bara leggja t siest..
2. Du æ som kjent oppvaksen i Bjerkreim. Patriotismen råde ganske sterkt her i bygdå, og dæ æ jo bra. Men kæ æ dæ så gjere at du i tillegg hæ lyst å verta bonde, og æ ein skikkeleg bondepatriot?
At æg æ oppvaksen på gard, og hæ fått kumelkå inn med morsmelkå. Så får du tolka dæ så du vil. Uansitt, æg digge å omgås med dyra. Sjå at de hæ det greitt, og passa på de. Gardsarbeidet generelt æ givande..
3. Kva er det som gjer Bjerkreim til ein god bondekommune?
Dæ æ eit duale godt miljø mellom bøndene. Å utveksla erfaringar og tverrfagleg kompetanse er ein forutsetnad fø utviklingå. Æg, som berre driv med saue tytte dæ æ duale gildt når Bjerkreim sau & geit hæ forskjellige ting de leggje opp t. Æg vil i så måde benytta denne anledning å gje skrøyt t leiaren i Bjekreim sau & geit, som står på fø bøndene i bygdå. Hallvard er ein kjernekar, og det må me få fram.. Den unike naturen og dei flotte beitene er gode forutsetnader fø den gode bondekommunen. Både fø trivselen fø bonden og dyrå.
4. Når me nå hæ toge føre okke dessa viktige spørsmålå, så hæ æg lyst t å trø endå nimmare fjosterskelen og spør, kæ ska t fø å avla fram ein duganes kvalitetssau?
Fysst av alt så vil æg seia ein ting. Dæ æ kun Arild Søyland som får kvalitet E på slaktelam. Fø å gå inn i teorien på svaret så e der fleire ting å ta hensyn t. Å få tak i ver frå veraringen er ein god start. Kvalitet kostar, og dæ æ æg bevisst på. Andre viktige faktorar fø kvalitet æ goe beide, koss vèret æ, og gydning.
5. Kæ æ dæ besta med å driva med sau?
Når ein sauabonde treffer ein anna sauebonde så går me aldre tomt fø stoff å drøsa om. Akkurat dæ æ gode argument fø at fleir burde byrja med sau. Tenk å konna gå på butikken å treffa ein anna sauabonde, og plutseleg er du djupt inne i samtalar som, lemming, avla fram den beste rasen, slåtten, osv.
6. Kva gjer du med ulla di?
Den sendar æg til Nortura, mot at æg får litt cash å rutta med. Men som eit framtidig prosjekt så kunne dæ vore spanande å foredla dette naturproduktet til min eigen spesialitet. Men dæ hæ æg inkje kapasitet t nå. Æg trenge rett og slett to hende t. 
7. Kæ æ dæ mest givande med gardsdrift?
At æg alltid hæ någe å gjera. Æg ser alltid fram t lemming på våren. Når du kjenner varmen frå solå slikka deg i andletet, vatnet frå isen i takrenna byrjar å dryppa, og den fysste sauen hæ fingje sine 2 fysste lam. Ja då æ livet verdt å leva. Vårvinnå er i så måde au ei unige tid. Maskinar som durar, luktå av silo, lange sumardagar i traktoren, pausar med middag, kaffi og aent digg. Gode drøsar med lott og løye. Ja det er gardsdrift på topp!:)
Når så vinteren kjem sigande over gardane i det ganske land, så æ dæ ei tid fø oppladning. Sjølv om det kan vera litt dødt t tide så kan ein lena seg tilbake i godstolen då vinden og minusgradene herjar ute, og tenkja tilbake på dæ som æ gjort. Og på nytt att sjå fram imot neste år, og leggja nye og spenstige planar.
8. Kefø æ sauadrift så viktig?
Fø dæ oppretthald kulturlandskapet. Å bevara utmark sånn den fø manjen år sidan hæ vist seg å vera vanskeleg. Det veks øvealt, og i eit ustyrleg tempo om bøndene ikkje hadde vore der med dyrå sine. I tillegg så æ dæ oppmuntrande fø mæg å sjå at dæ æ fint og velstelt på beitene.
9. Hest, og aller helst fjording, var ein arbeidsvillig og trufast kollega før i tidå. Nå er denne erstatta med teknologiske traktorvidunder som snart går av seg sjøl. Før, når me va unga så hugsar æg at bondeungar ofte diskuterte kæ traktor som var høgast rangert. Kæ slags bakenforliggjande argument dei kom opp med fø å framhevja sin favoritt seie historiå ingenting om. Men Torbjørn, kæ æ din favoritt, og keffø?
Valtra! Æg føle mæg heima i denne traktoren. Dæ æ ein herleg traktor å køyra, med ein glimrande framkommelighet.
10. HMS- arbeidet er noge me i Hør&dør redaksjonen tæge på teoretisk alvor. Å ta unødvendige sjansar, og kanskje tenkja at dæ går seg t hæ nok velta mange ein bonde. Her vil æg tru dæ æ eit stort forbetringspotensiale. Torbjørn, hæ du nogen gong tenkt, ”sjitt la gå”? Kæ skjidde?
JA, dæ tenkje æg. Faktisk kver dag. Ein dag i siloen sko æg gå opp stien. Høygaffel i den eine håndå og noge aent i den andra. Æg kjæme opp til toppen og tæge tag i silodøra. Døra kjæme mode mæg, og æg æ i ferd med å ryga nedføre og bagigjøna, men æg klare heldigvis å ta meg føre i kanten på siloen før dæ skjer. Her va dæ 8 m ned til betonggulvet. Æg stod å tenkte ei stonn ittepå. Ei ukontrollerte risting i kroppen gjorde dæ vanskele å stå. Hmm.. Godt spørsmål dæ der.
11. TINE eller Q- meieriene. Sidan du æ sauebonde så æ du litt utanfor på dette spørsmålet, men æg vett du hæ ei meining om dæ. Om du hadde hatt kyr, kæ æ problemet?
TINE æ samvirket. Samvirket æ dæ som bøndene eig, eit bondefellesskap, og dæ meine me som er TINE sine beste vennar at me må ta vare på. Q- meieriene øydelegg denne felleskapskjensla då dei kan helst gjær som dei vil. Dei hæ mange fordelar som ikkje TINE hæ, berre fø at dæ ska skapast konkurranse. 2 eksempel for korleis dette heng i hop.
Eks 1: Q- meieriene har for lite mjølk. Då har TINE plikt til å gje Q meir mjølk.
Eks2: TINE hente melk uansitt kor melka verte produsert, mens Q hæ sine faste sone, fordelaktige i forhold til avstand for eksempel. IKKJE BRA!
12. Når du nå æ så heldige å verta intervjua av Hør&dør redaksjonen. Æ dæ eit personleg stempel du hæ lyst å bidra med, som krydder til denne intervjuspalta? Eit slagord, frase, dikt e.l?
Ha det skrekkele gildt, lev livet adle så lese. Dæ rekne æg for så vidt au at de gjære, viss ikkje kunne de jo inkje læst dette.:)
13.Torbjørn Øygard, kor er du om 10 år?
Då driv æg ein kjempegard i Bjerkreim. Æg æ bonde på heiltid, leve livet, og hæ ei duganes bondekone. Hu lage klede av ullå, ost av melkå, og dei deiligste rettane av kjøtet me får frå dyrå.
14. Kva gjer deg glad, Torbjørn?
Dæ æ så mødje, men om æg sko trekkja fram ein spontan tankje så må dæ væ dei dagane æg tæge mæg turar på beidene fø å sjå på sauene. Dæ gler mitt hjarta. I tillegg så æ dæ viktigt med ein gode vennekrets, der me kan samlast til drøs og god mat. Dæ gjære meg glad.
15. Kva gjer deg lidegranna mindre glade då?
Når æg hæ ein drid dag på jobb. Om æg i tillegg høyre på radioen at nogen snakke stygt om bøndene same dagen som æg hæ ein drid dag på jobb, så æ dæ eit argument fø sjukemelding. Dæ æ drede!!
16. Og så til slutt i denna intervjuspaltå så vil eg spør om eit litt meir omfattande spørsmål. Kæ gjer dæg meining med livet?
Eit kristent grunnlag, og prøva å gå den veien Herren hæ lagt føre dæg og mæg.

torsdag 14. juni 2012

Me undrar..

Me undrar... er ei spalte der me kaster frem nokre filosofiske tankar i form av retoriske spørsmål. Dette er tankar, spørmål og undringar som ein kan ta med seg ut i kvardagen og undre på. Spalta er inspirert av den vandrande filosofen Pilt-Ola. I og med at Hør&Dør ynskjer å vere eit interaktivt magasin, set me stor pris på om du vil dele dine eigne filo-retoriske undringar i kommentarfeltet under. Men over til spalta.
Me undrar...
 Må ein vere på skråplanet for å ha eit skråblikk på verda..?
 Vert ein kaldblodshest med feber til ein varmblodshest...?
 Kan ein djup tanke gå over hovudet på folk...?
 Dersom eg ser med skråblikk på ein annan manns skråblikk; vil dei utligne kvarandre og bli eit horisontalblikk...?
 Eller vil det verte eit vertikalblikk...?
 Kva farge har borna åt Mette-Marit og Haakon på blodet...? (Mette har vel raudt blod, medan Haakon etter ryktet skal ha blå farge på sitt...)
 Kvifor kan ikkje eg le, når Geilo...?
 Kvifor lønner det seg å bestemme seg for å trene ei gong i veka, framfor kvar dag...? (Denne har me svar på: Då held det iallefall to veker...)
 Er det skeive tårnet i Pisa verdens beste plass for eit skråblikk...?
 Dersom ein kaldblods hingst parer seg med ei varmblods hoppe, vert føllet då lunkent...?
 Blir man skeiv av å havne på skråplanet...?
 Kva frakter denne lastebilen: «tanke transport»

lørdag 9. juni 2012

Sauebonde og moteekspert Ole A. analyserer antrekk..

Eurovisjon Song Contest Laurdag 26. Mai var me vitne til eit forrykansde show frå «the City of Culture», Baku. Det var Europeisk finale i Melodi Grand Prix, og 26 land deltok med spellemenn og – kvinner av ymse karakter. I ein slik anledning er det ikkje berre det audiovisuelle som varierer, men det reint visuelle (bekledninga) er og sterkt varierande. Vår moteekspert Ole Arnfinn har teke ein nærare kikk på nokre av desse plakka, (i mange tilfeller omtala som kjolar)
Hellas
Som me alle er klar over, er Hellas inne i ein krevjande økonomisk situasjon. Det resulterte mellom anna i at deira eigen MGP-finale vart arrangert på eit kjøpesenter, nesten uten musikk. Desse tronge økonomiske tidene ser me òg att i klesdrakta til landet. Det kan sjå ut som om skreddarane har fått beskjed om å berre bruke akkurat nok stoff til å dekke Eleftheria Eleftheriou sine vitale deler. Og dei stakar dansarane hennar har berre fått avkappet vak kjolen til å dekke seg til med... Med andre ord, ikkje noko imponerande antrekk, men god materialutnytting.
Danmark
Soluna Samay frå Danmark har heller ikkje brukt alle sparepengane sine på klede, men ho har valgt ein annan strategi enn Hellas; gjennbruk. Om kleda kjem frå loftet til bestefar, eller om det er loppemarkedet på Bjerkreim Bedehus som er kjelda til råvarene, er uvist. Men det er tydeleg at hennar tidlegare karriere som gatemusikant har lært ho verdien og potensialet i det brukte. Den sparsomme holdninga ser me er gjennomgåande. Kvifor leige inn dyre musikantar når dei rett frå gata kan gjere ein nokolunde like god jobb? Og for at denne minimalistiske stilen skal vere komplett, vel Soluna å ikkje farge håret på ny når det vert for mykje ettervekst. Ho skjuler det heller med ein hatt. Bra jobba!
Spania
Eg må innrømme at eg tykkjer litt synd på Pastora Soler frå Spania. Det kan virke som om denne finalen kom som julekvelden på kjerringa for ho. For her har det gått fort i svingane under påkledinga, og Pastolra har fått hovudet ut gjennom feil opning. Det hersker òg stor usemje i fagmiljøet om kjolen var ferdigsydd då finalen kom. For då dett plutseleg kom motvind på scenen, revna de neine saumen, og då kamera tok ein tur rundt frk. Soler openberre det seg ein heilt bar rygg. Men eit oppmerksomt auga kunne sjå at det hang noko stoff og dingla der bak som truleg var meint til å dekke dette området. Mitt råd til Pastora er altså; ta deg litt bedre tid neste gong, så du rekk å prøve kjolen FØR du skal på scenen.
Sverige
Så kjem me til vinnaren av den musikalske delen. Loreen frå Sverige. Ho strutter av sjølvtillit, og veit at ho har ei song som folk kan like, og ser dermed ingen behov for å spele på kropp. Ho har berre enkelt og greit troppa opp på døra til søskenbarnet sitt Ronja (frå filmen Ronja Røverdatter) og sputr som følger (Fritt omsett til norsk): «Hei, eg skal synge på ei tilstelling i utlandet ein stad, du har ikkje tilfeldigvis ein kjole eg kunne låne?». Bra jobba Loreen!
Russland
Så til min klare favoritt: Russland. Dette er damer som viet å kle seg. Dei henter inspirasjon frå den norske bunaden, kombienrt med samekofta og syr sin eigen russiske variant. Som me veit er Russland eit nykje fattigare land en Noreg, og tilgange på godt ullstoff med sterke fargar er ikkje fult så god. Men russiske forhold teke i betraktning, tykkjer eg at dette er MEGET bra. Og det er ikkje meir å seie enn: GRATULERA!

mandag 17. januar 2011

"Hør og dør" bilete konkurranse, i Bjerkrei..

Nå må de vær på hoggjet. Æg hæ inkje peiling på om dette æ vanskele elle lett, men dæ dride æg i, så lenge æg totte dæ æ gildt.;)

Bilete 1: Langt dær nere så går dæ ein veg. Kor i heiane føre den hen? Æg veid inkje, veid du?




Bilete 2: Ååå nais! Hær æ dæ bara gysla fint. Kor trur de me nå æ?



Billede 3: Muligens æg va litt for interne på dette billede, men når æg seie dæ så æ dæ mange som kan tippa dæ, tippa æg.;)



Billede 4: "Ein topp så æg inkje for mange gonge hæ vore på, meg og Janne ein sumarkveld tok t å gå. Inkje så mødje enn eit par tima dæ gjekk, ein fine tur i Guds frie natur me fekk". Men kor i heiane æ dette då?



Billede 5: Her vil æg inkje sei noge, så då holde æg munnen atte. Men du kan godt udtala dæg?



Billede 6: "Igjøna denne plassen ei elv ho renn så klår, om våren, sumar, hausten, ja mang ein fisk dei får." Fiske du?



Billede 7: Kæ fø eit vatn så du ser i bagevjå derane?



Billede 8: Og kæ heitte dette vatnet?



Billede 9: "Ein påskaedag i livet mitt, han Jon og æg på ski me fòr. I sorpesnø me blaude blei, men dæ brydde inkje onkel Tor. Dæ va inkje enkelt i ulent terreng då snøen onna okke forsvann. Men både æg og Jon me stod på beinå som nogen menne". Kæ?




Sista billede (9): ..........................................................?



Lukka t!

"Redaktøren"

fredag 14. januar 2011

Sau og lam, hand i hand!

Ekteskapsdebatten såg ut fø å ha få tilhengjara. Æg veid inkje om æg kan kalla dæ fø skoffande, men æg ser realiteten i auene, og tæge konsekvensen av dæ.

I den forbinding så hæ ein ivrige og godt betrudde korrespondent her i hør & dør redaksjonen hosta opp noge heftigt godt bondestoff. Dæ burde dæ ærligt talt vore møje meir av i dette "magasinet". Som ansvarlig redaktør så tæge æg sjølkritikk, og ska verkeleg gå i mæg sjøl. Når ein korrespondent går så i fronten fø å fronta dæ goda landbruget me hæ igjen hær i detta skakkjørte landet, så ska verkeleg æg bidra med dæ æg kan. Å publisera!!! Dæ æ noge æg kan.

Og nå ska de hørra. Innerst, innerst i Ørsdalen æ dær en dal. Den dalen heitte Bjordal. I Bjordal æ dær gruele fint! Bara sjå her:







Og groen t denna begeistringå fø Bjordal og den frodige naturen ser de resultatet av på denne linken:
http://www.bondebladet.no/gaardsdrift/2011/01/06/tor-sigve-paa-lammetoppen.aspx

Æg totte dette va gruele gildt å læsa, så go fornøyelse!!:)

torsdag 6. januar 2011

Ekteskap - ka du trur?

"Innføre ekteskapet gjelde den regelen at kånå æ på kjykkenet og vaskerommet, mens mannen æ på sofaen framføre tv’en. Men utføre ekteskapet så æ mannen prisgitt seg sjøl og sine evna, så då æ det nødvendig med et minimum av basiskunnskapa på kjøkken og vaskerom. "





Æg hæ sånn e- brev. Dæ totte æg æ gruele grett sidan æg sleppe å bruga penga på frimerke. Inkje på mange vege hæ æg sendt et brev i posten. Æg trykke bara på send hær på maskinen, så æ dæ gjort. Denne teknologien æ flotte.

Uansitt, sitatet øverst fekk æg i dag frå ei ivrige hær i hør&dør redaksjonen. Dæ totte æg va gildt, for nå hæ dæ vore litt tort på opplysning- og informasjonsfronten. Dæ æ bara å beklaga. De ansatte hæ inkje fått lønn helle, så æ dæ sagt.

Øve t sagjen. Når me nå hæ fyrt av denna kanonen så rekne æg med ein kommentarstorm uden et stykke på siå. Æg æ redaktør av denne redaksjonen, så æg trur æg forbeholde mæg retten t å uttala mæg. Æg meine heila sitatet æ riv ruskande horribelt bag mål!!