torsdag 14. juni 2012

Me undrar..

Me undrar... er ei spalte der me kaster frem nokre filosofiske tankar i form av retoriske spørsmål. Dette er tankar, spørmål og undringar som ein kan ta med seg ut i kvardagen og undre på. Spalta er inspirert av den vandrande filosofen Pilt-Ola. I og med at Hør&Dør ynskjer å vere eit interaktivt magasin, set me stor pris på om du vil dele dine eigne filo-retoriske undringar i kommentarfeltet under. Men over til spalta.
Me undrar...
 Må ein vere på skråplanet for å ha eit skråblikk på verda..?
 Vert ein kaldblodshest med feber til ein varmblodshest...?
 Kan ein djup tanke gå over hovudet på folk...?
 Dersom eg ser med skråblikk på ein annan manns skråblikk; vil dei utligne kvarandre og bli eit horisontalblikk...?
 Eller vil det verte eit vertikalblikk...?
 Kva farge har borna åt Mette-Marit og Haakon på blodet...? (Mette har vel raudt blod, medan Haakon etter ryktet skal ha blå farge på sitt...)
 Kvifor kan ikkje eg le, når Geilo...?
 Kvifor lønner det seg å bestemme seg for å trene ei gong i veka, framfor kvar dag...? (Denne har me svar på: Då held det iallefall to veker...)
 Er det skeive tårnet i Pisa verdens beste plass for eit skråblikk...?
 Dersom ein kaldblods hingst parer seg med ei varmblods hoppe, vert føllet då lunkent...?
 Blir man skeiv av å havne på skråplanet...?
 Kva frakter denne lastebilen: «tanke transport»

3 kommentarer:

  1. Diggde innlegget! hør å dør redaksjonen e råe :-)
    Linn

    SvarSlett
  2. E begynnelsen av ein kø i slutten av køen? ("e det her køen begynne" spør me) eller begynne køen i slutten av køen? ("han e heilt der framme.. i enden av køen"...

    SvarSlett